Logoped
Logoped v. 1.2

For elevar i barnehagealder og i  grunnskulen (1.-10.trinn) er logopedhjelp organisert som eit lavterkeltilbod. Utøvande logoped arbeider i hovudsak med uttalevanskar, stemmevanskar og taleflytvanskar. Ofte er behov for logoped noko ein drøftar saman med barnehage/skule og PPT på besøksdagar, og som regel blir kontaktskjema til logoped fylt ut av barnehage/skule og heim i samarbeid. Føresette kan også ta direkte kontakt med logopedtenesta for å be om vurdering.

Førespurnaden blir registrert via kontaktskjema på denne sida. 

Dersom du fyller ut skjema med ID porten vil det gå elektronisk direkte til logopedtenesta.

Om du ønsker å printe ut skjema og fylle det ut manuelt, må det sendast  i posten til Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

PPT sender ut stadfesting på motteke søknad som skisserer at logoped vil kontakta barnehage/skule direkte for å avtale tid så snart det er ledig kapasitet. Logopeden kjem til barnehagen/skulen for å kartlegga barnet sine vanskar og behov for logopedhjelp. Etter dette vurderer logopedtenesta i team om det vil bli starta opp med trening eller om ein har andre anbefalingar. Føresette blir informert. Til vanleg er logopedtrening organisert i intervallar, slik at ein i periodar arbeider med systematisk trening før pauseperiode på om lag 12 veker. Nokre gonger består logopedhjelp primært av rettleiing til dei som arbeider tettast på barnet i kvardagen, som til dømes heim og barnehage/skule.    

 

Kontaktskjema logoped elektronisk:Kontaktskjema - logoped - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Kontaktskjema logoped manuelt: kontaktskjema logoped (Ikke tilgjengelig)