Spesialundervisning skule v. 1.2

 

Nasjonalt og lokalt er det stort fokus på systemarbeid som skal sikra eit inkluderande og godt tilpassa ordinært opplæringstilbod som tek i vare mangfaldet av barn med sine styrkar og utfordringar.

Opplæringslova §5-6 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  

  • hjelpa skulane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge opplæringstilbodet for elevar med særlege behov
  • utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det

 

Elevar i grunnskulen (1.-10. trinn) som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter opplæringslova §5-1.

Dersom føresette lurar på om barnet treng spesialundervisning, tar dei først kontakt med skulen for å drøfta sine bekymringar. Det er skulen som skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa, og dei skal prøva ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbyte (jf §5-4). Så lenge føresette har gitt samtykke, kan skulen søkja råd og rettleiing frå PPT i denne fasen. Alle skular har sin faste kontaktperson i PPT, og det er jamlege besøksdagar til samarbeid på den enkelte skule. Agenda på besøksdagar kan til dømes vera observasjonar, tverrfaglege drøftingar i ressursteam, hjelp til utarbeiding av tiltaksplanar, samla møte med føresette og andre involverte, kurs og kompetanseheving med meir.

Dersom ein etter målretta arbeid i bekymringsfasen kjem til at eit barn truleg har behov for spesialundervisning, kan det bli aktuelt med tilvising til PPT for sakkunnig vurdering. Dersom eleven til dømes må følgje kompetansemål for lågare årstrinn eller det er nødvendig med opplæring på alternativ opplæringsarena for å få tilfredsstillande utbyte, trengst det sakkunnig vurdering.

 

Føresette har alltid moglegheit til å ta direkte kontakt med PPT dersom dei har spørsmål. Tilsette i PP-tenesta har teieplikt og arbeider ikkje i enkeltsaker utan at skulen har henta samtykke frå føresette. Systemstøtte til skulen på klassenivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.